Digdir logomarkAltinn

Starte og registrere norsk avdeling av utanlandsk føretak (NUF)

Utanlandske føretak som treng eit norsk organisasjonsnummer kan opprette ei avdeling i Noreg (NUF). Her finn du informasjon om registreringsprosessen.

Registrere norskregistrert utanlandsk føretak (NUF)

  1. Registrer den norske avdelinga av det utanlandske føretaket ved å fylle ut og signere "Papirskjema for norskregistrert utanlandsk føretak (NUF)".
Brønnøysundregistera – samordna registermelding – skjema og rettleier for norskregistrert utenlandsk føretak (NUF)
  • Legg ved registreringsbevis frå offentleg registreringsmyndigheit i heimlandet og andre nødvendige vedlegg.
  • Brønnøysundregistera om å registrere eit NUF
  • Alle som skal ha ei rolle i NUF-et og som ikkje har norsk fødselsnummer eller norsk d-nummer, må i tillegg fylle ut søknad om tildeling av d-nummer.
  • Brønnøysundregistera – søknad om d-nummer
  • Send skjemaa og vedlegga (i utgangspunktet skal alle vedlegga vere på norsk, men svensk, dansk og engelsk vert også godteken) samla til postadressa som står oppgjeven på skjemaet.

  • Når registreringa er ferdig behandla vert svaret sendt til innsendaren.

    Utanlandsk statsborgar

    Dersom du er statsborgar i eit land utanfor EU/EØS, og planlegg å drive verksemd i Noreg, må du undersøke regla for opphaldsløyve.

    UDI – søk om opphaldsløyve

    Namn på norskregistrert utenlandsk føretak (NUF)

    Det er vanleg at NUF registrert i Noreg har same føretaksnamn som det utanlandske føretaket er registrert med i heimlandet. Dette er også eit krav når avdelinga i Noreg er næringsdrivande og registrert i Føretaksregisteret. I tillegg skal forkortinga NUF stå sist i namnet.

    Registreringsplikt og registreringsrett

    Alle utanlandske føretak som driv næringsverksemd i Noreg, har registreringsplikt i Einingsregisteret og Føretaksregisteret. Utanlandske føretak som ikkje driv verksemd i Noreg, har registreringsrett i Einingsregisteret dersom dei har behov for eit norsk organisasjonsnummer.

    Brønnøysundregistera om registreringsplikt for NUF i Føretaksregisteret

    Mogleg å sende inn på e-post

    Nye NUF som skal registrerast i Føretaksregisteret kan senda inn skjema og vedlegg for registrering per e-post ved å bruke kontaktskjema på firmapost@brreg.no.Ved innsending per e-post vil saka takast til behandling innan 10 vyrkedagar etter at den er motteken. Eventuell søknad om d-nummer må alltid sendast per post.

    Brønnøysundregistera - kontaktskjema for registrering av NUF i Føretaksregisteret

    Kor lang tid tek det?

    Saksbehandlingstidene hos Brønnøysundregistera vil variere gjennom året.

    Brønnøysundregistera – oversikt over saksbehandlingstider

    Kva kostar det?

    Registrering berre i Einingsregisteret kostar 3 378 kroner i gebyr.

    Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret kostar 3 925 kroner.

    Registrering i Føretaksregisteret i ettertid kostar 3 198 kroner.

    Når registrering er ferdig behandla får avdelinga (NUF-et) eit  organisasjonsnummer.