- Start
- Starte og drive bedrift
- Avvikling, sletting og konkurs
- Konkurs i ansvarleg selskap
Konkurs i ansvarleg selskap
For at eit ansvarleg selskap skal reknast for å vere konkurs, må verksemda vere insolvent. Det betyr at verksemda ikkje er i stand til å gjere opp dei økonomiske forpliktingane sine ved forfall, og at det heller ikkje er eigedelar i versemda til å dekkje gjelda. Ved insolvens må verksemda vere varig ute av stand til å gjere opp forpliktingane sine.
Tingretten opnar konkurs etter krav frå verksemda sjølv, eller frå ein kreditor.
Krav om konkurs frå verksemda sjølv
- Det er selskapsmøtet som kan melde oppbod i eit ansvarleg selskap.
- Ansvarlege selskap er eigne konkurssubjekt, og det er eigedelane og gjelda til verksemda som skal vurderast, jamført med om det ligg føre konkurs eller ikkje. Det ansvarlege selskapet kan gå konkurs, sjølv om deltakarane i verksemda ikkje vert rekna for å vere konkurs, men ofte vil ein konkurs i eit ansvarleg selskap også bety konkurs hos deltakarane.
- Ein deltakar i eit ansvarleg selskap kan gå konkurs, utan at dette har betyding for om det ansvarlege selskapet er konkurs eller ikkje. Dersom det vert opna personleg konkurs hos ein av deltakarane kan dei andre deltakarane krevje utelukking av denne deltakaren. Vert det vedteke utelukking skal dei andre deltakarane betale ein utløysingssum.
- I tilfelle der eit ansvarleg selskap eller ein deltakar går konkurs, må det skiljast mellom felleskreditorar og særkreditorar. Felleskreditorar er kreditorane til verksemda, og desse har ein forrang til å søkje dekning i eigedelane til verksemda. Særkreditorar er kreditorane til deltakarane, og dei må søkje dekning hos deltakarane for dekning av krava sine. Kva som tilhøyrer det ansvarlege selskapet, og kva som tilhøyrer deltakarane, får derfor stor betydning.
- Når eit ansvarleg selskap melder frå til tingretten vert det kalla å melde oppbod. I tillegg til meldinga om oppbod skal det også sendast over enkelte vedlegg. (firmaattest, liste over kreditorar og stilte sikkerheiter, liste over eigedelar, selskapsmøteprotokoll og siste rekneskap). Eit ansvarleg selskap som sjølv melder oppbod, er friteke for å stille sikkerheit og ansvar for omkostningane ved konkursbehandlinga.
Konkursbehandlinga
- Tingretten behandlar meldinga om oppbod, og vurderer om verksemda er insolvent eller ikkje. Dersom verksemda er insolvent, opnar tingretten konkurs og oppnemner ein bustyrar. Bustyraren er normalt ein advokat, og er den som skal gjennomføre konkursbehandlinga.
Etter at bustyraren har teke ei fullstendig gjennomgang av skuldnaren si økonomiske stilling, vert bubehandlinga avslutta. Bubehandlinga blir innstilt av tingretten dersom det ikkje er middel til å fortsetje bubehandlinga. Dersom det er middel i buet, vert bubehandlinga avslutta ved at midla i buet blir utdelte til kreditorane slik at desse får forholdsmessig dekning.
Etter konkursbehandlinga
Gjelda blir ikkje sletta etter at konkursbehandlinga er avslutta. Som deltakar er du personleg ansvarleg og heftar for den gjelda som er pådregen. Dette inneber at du er ansvarleg for den delen av gjelda som ikkje blir dekt under bubehandlinga.
Dersom du framleis har alvorlege gjeldsproblem etter at bubehandlinga er avslutta, er det mogleg å søkje om gjeldsordning.