- Start
- Starte og drive bedrift
- Arbeidsforhold
- Ytringsfridom, varslingsrett og lojalitetsplikt
Ytringsfridom, varslingsrett og lojalitetsplikt
Arbeidstakar si lojalitetsplikt
Dette inneber blant anna at arbeidstakaren ikkje bør ta på seg anna arbeid som på ein uforholdsmessig måte står i eit konkurranseforhold til arbeidsgivaren, og at arbeidstakaren skal slutte opp om arbeidsgivaren sine interesser så langt det er nødvendig for arbeidsforholdet.
Lojalitetsplikta er ikkje lovregulert, men reaksjonar på visse brot på lojalitetsplikta er likevel regulerte. For eksempel kan arbeidstakaren straffast med bot eller fengsel dersom han eller ho utnyttar forretningsløyndomar i ei konkurrerande næringsverksemd.
Arbeidstakar sin ytringsfridom
Ytringsfridomen er ein grunnlovsfesta menneskerett. Den tilsette si lojalitetsplikt beskyttar berre mot ytringar som på illojal måte skadar arbeidsgivaren sine rettmessige og saklege interesser. Lojalitetsplikta inneber ingen generell adgang til å regulere eller sanksjonere dei tilsette sine ytringar. Arbeidsgivarar kan derfor ikkje slå ned på ytringar fordi dei vert oppfatta som uønskte eller uheldige. Utsegn som ikkje er underlagde teieplikt og som i hovudsak gjev uttrykk for arbeidstakaren sine eigne oppfatningar vil vanlegvis vere tillatne.
Arbeidstakar sin varslingsrett
Arbeidstakarar har rett til å varsle om kritikkverdige forhold i verksemda. Gjengjelding mot arbeidstakarar som varslar er forbode. Arbeidstilsynet har informasjon om kva som er forsvarleg framgangsmåte ved varsling, om arbeidsgjevaren si plikt til å leggje til rette for varsling, og kva tiltak som skal setjast i verk.