- Start
- Starte og drive bedrift
- Arbeidsforhold
- Tilsetjing av utanlandske arbeidstakarar
Tilsetjing av utanlandske arbeidstakarar
Krav om opphaldsløyve
Utanlandske arbeidstakarar som ønskjer å jobbe i Noreg, treng som hovudregel opphaldsløyve.
Reglane er ulike avhengig av kva for land arbeidstakaren kjem frå:
EU/EØS-borgarar
EU/EØS-borgar som planlegg å bu i Noreg i meir enn 6 månader, må melde flytting seinast 8 dagar etter framkomst.
Svenske, danske, islandske og finske statsborgarar kan jobbe utan å registrere seg hos politiet. Andre EU/EØS-borgarar har rett til å vere arbeidstakarar i Noreg, men må registrere seg hos politiet seinast tre månader etter at dei kom til Noreg.
Informasjon om korleis du går fram for å tilsetje ein person frå EU/EØS og korleis du sjekkar om arbeidstakaren er EU/EØS-borgar finn du hos UDI.
Personar frå land utanfor EU/EØS
Personar frå land utanfor EU/EØS må ha gyldig opphaldsløyve for å arbeide i Noreg. UDI har informasjon om korleis du går fram for å tilsetje ein person frå land utanfor EU/EØS. Ved søknader om opphaldsløyve for faglærte, kan du som arbeidsgjevar søkje på vegner av arbeidstakaren.
Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar
I Oslo, Stavanger, Bergen, Trondheim og Kirkenes er det eigne servicesenter for utanlandske arbeidstakarar. Informasjonen hos servicesentera finn ein på norsk, engelsk, litauisk, polsk, rumensk og russisk. Servicesentera er ein stad der Arbeidstilsynet, politiet, skatteetaten og Utlendingsdirektoratet (UDI) jobbar saman for at utlendingar som kjem til Noreg for å jobbe skal få god rettleiing. Arbeidsgivarar til personar både innanfor og utanfor EU/EØS kan også nytte servicesentera.
Hjelp til å rekruttere utanlandsk arbeidskraft
Nav kan gjennom EURES-tenesta hjelpe arbeidsgivarar med å rekruttere arbeidskraft frå Europa.
Skattekort og d-nummer
D-nummer er eit nummer som kan tildelast utanlandske personar som ikkje har norsk fødselsnummer, men som har behov for identifisering overfor norske styresmakter. Ein arbeidstakar som skal jobbe og opphalde seg i Noreg i mindre enn 6 månader må ha eit d-nummer for å bli registrert i Folkeregisteret. D-nummer er også nødvendig for å få skattekort.
For ein arbeidstakar som ikkje har norsk fødselsnummer eller d-nummer, er hovudregelen at han eller ho må møte opp på eitt av 48 utvalde skattekontor for å søkje om skattekort.
Arbeidsgjevaravgift og trygdeavgift
Du skal vanlegvis betale norsk trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift for utanlandske arbeidstakarar, med mindre det er dokumentert at arbeidstakaren ikkje er omfatta av norsk trygdelovgjeving.