- Start
- Starte og drive bedrift
- Arbeidsforhold
- Minstelønn og fastsetjing av lønn
Minstelønn og fastsetjing av lønn
Fastsetjing av lønn
Lønn skal bli avtalt mellom arbeidsgivar og arbeidstakar som ein del av den skriftlege arbeidsavtalen. Lønn kan fastsetjast på fleire måtar. Det vanlegaste er fast årslønn, månadslønn eller timelønn.
Naturalytingar, såkalla frynsegode, er også vanlege. Eksempel på dette kan vere firmabil, fri avis, mobiltelefon, firmahytte og bedriftsbarnehage.
I faste arbeidsforhold er det vanleg å avtale ei årslønn.
Omrekning av lønn
Korleis årslønn skal reknast om til timelønn, dagslønn, vekelønn eller månadslønn er ikkje bestemt ved lov.
Dette er ein vanleg måte å rekne om lønn for arbeidstakarar som jobbar 37,5 timar per veke måndag - fredag:
- Månadslønn = Årslønn/12
- Vekelønn = Årslønn/52
- Dagslønn = Årslønn/260
- Timelønn = Årslønn/1950
Andre måtar å rekne om lønn kan vere bestemt i tariffavtalar eller andre avtalar.
Minstelønn
Fleire bransjar har minstelønnssatsar. Desse gjeld for alle som jobbar i dei aktuelle bransjane. Grunnlaget for minstelønnssatsane er "Lov om allmenngjøring av tariffavtaler med forskrifter" (allmenngjorde tariffavtalar). Arbeidstilsynet fører tilsyn med at desse reglane vert overhaldne. Ved brot på reglane kan tilsynet gje verksemda pålegg om etterbetaling, tvangsmulkt, stanse arbeidet eller melde forholdet til politiet.
Følgjande bransjar har lovregulert minstelønn (allmenngjorde tariffavtalar):
- Byggjeplasser (for dei som utfører bygningsarbeid)
Overtidsbetaling
Ved overtid (arbeid ut over alminneleg arbeidstid) skal det betalast eit tillegg på minimum 40 prosent i tillegg til den vanlege lønna.
Solidaransvar for oppdragsgivarar
Solidaransvar for oppdragsgivarar inneber at den som set ut eit oppdrag (leverandørar og underleverandørar) eller leiger inn arbeidstakarar, står ansvarleg for at alle som utfører arbeid i samband med oppdraget får den lønna og dei arbeidsvilkåra dei har krav på. Solidaransvaret gjeld i alle bransjar der det er lovregulert minstelønn. Dette betyr at alle oppdragsgivarar i ei kontrakts-kjede har forpliktingar overfor arbeidstakarar lengre ned dersom dei ikkje får ubetalt den lovpålagde minstelønna frå arbeidsgivaren sin.
Likebehandling av innleigde frå bemanningsføretak
Ein arbeidstakar som er leigd inn frå eit bemanningsføretak skal ha lønns- og arbeidsvilkår som om vedkomande var tilsett direkte i innleigebedrifta (likebehandlingsprinsippet). Det er bemanningsføretaket som skal sørgje for at dette skjer, men likebehandlingsprinsippet fører også til plikter for den som leiger inn arbeidstakaren.
Likelønnsregelen
Kvinner og menn som arbeider i same verksemd har etter likestillings- og diskrimineringslova rett til lik lønn for same arbeid og for arbeid av lik verdi. Du kan heller ikkje lønnsmessig gjere skillnad på bakgrunn av etnisitet, religion eller livssyn, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering, alder eller politisk syn (arbeidsmiljølova).
Arbeidstakar som trur at han eller ho får mindre lønn på grunn av kjønn eller andre diskrimineringsgrunnlag, har rett til å få vite kor mykje spesifikke kollegaer tener, og korleis lønna deira blir bestemt, slik at dei kan samanlikne.
Arbeidstakar som opplever lønnsdiskriminering, kan klage til Diskrimineringsnemnda. Diskrimineringsnemnda er eit nøytralt avgjerdsorgan, der begge partar har rett til å kome med påstandane sine. Ved brot på likelønnsregelen kan nemnda pålegge arbeidsgivar tiltak som er nødvendige for å sikre at diskrimineringa tar slutt. Dersom tiltaka ikkje blir gjennomførte kan nemnda fatte vedtak om tvangsmulkt. Nemnda kan også bestemme at arbeidstakar skal bli gitt oppreisning og/eller erstatning.
Plikt til å informere og syte for
Verksemder som brukar entreprenørar eller underleverandørar har plikt til å bidra til at lønns- og arbeidsvilkår som følgjer av dei allmenngjorde tariffavtalane blir overhaldne. Denne plikta til å informere entreprenørar og underleverandørar, og plikta til å syte for at allmenngjeringsforskrifta vert etterlevd, rettar seg mot tingarar, hovudleverandørar, underleverandørar og tillitsvalde.