Arbeidstid
Den alminnelege arbeidstida Med arbeidstid meiner ein den tida arbeidstakaren står til disposisjon for arbeidsgivaren skal ikkje overskride:
- 9 timar dagleg og
- 40 timer kvar veke
Det er mogleg å avtale kortare arbeidstid. Mange av dei som har tariffavtale har avtalt 37,5 timer per veke. For personar som jobbar skiftarbeid, turnusarbeid, nattarbeid og søndagsarbeid er den alminnelege arbeidstida kvar veke kortare.
Gjennomsnittsutrekning av alminneleg arbeidstid
Det er tillate å avtale ei anna fordeling av arbeidstida. Avtale kan inngåast direkte mellom deg som arbeidsgivar og arbeidstakaren. I bedrifter omfatta av tariffavtale kan avtalen inngåast mellom arbeidsgivaren og arbeidstakarane sin tillitsvalde. Arbeidsgivar kan også søkje Arbeidstilsynet om samtykke til gjennomsnittsberekning.
Rett til fleksibel arbeidstid
Arbeidstakarar har rett til fleksibel arbeidstid dersom dette kan gjennomførast utan vesentleg ulempe for arbeidsgivaren. Eksempel på dette kan vere at arbeidstakaren har moglegheit til å forskyve arbeidsdagen, eller at du inngår ein avtale med arbeidstakaren som gjer det mogleg for han/henne å arbeide meir i periodar, for så å avspasere i andre periodar.
Rett til redusert arbeidstid
Arbeidstakarar som har fylt 62 år, eller som av helsemessige, sosiale eller andre vektige velferdsgrunnar har behov for det, har rett til å få redusert arbeidstida si, dersom dette kan skje utan vesentleg ulempe for verksemda. Når avtalt periode med redusert arbeidstid er over, har arbeidstakaren rett til å gå tilbake til tidlegare arbeidstid.
Fritid dagleg og for veka
Arbeidstakarar skal ha minst:
- 11 timer samanhengande fritid/arbeidsfri i løpet av 24 timar og
- 35 timer samanhengande fri i løpet av 7 dagar. Denne perioden skal om mogleg omfatte søndag.
I ei verksemd med tariffavtale kan arbeidsgivaren og tillitsvalde inngå avtale om kortare arbeidsfri. Grensene kan fråvikast når arbeid ut over avtalt arbeidstid er nødvendig for å unngå alvorlege driftsforstyrringar.
Pausar
Arbeidstakar har rett til minst ein pause når den daglege arbeidstida overstig fem og ein halv time. Dersom den daglege arbeidstida er åtte timar eller meir skal pausane til saman vere minst ein halv time.
Dersom arbeidstakarane ikkje fritt kan forlate arbeidsplassen under pausen, eller det ikkje finst eit godt nok pauserom, skal pausen reknast som ein del av arbeidstida. Då skal han godtgjerast med lønn.
Søndagsarbeid og helgedagsarbeid
Arbeid på søndagar (søndagsarbeid) og helgedagar (helgedagsarbeid) er ikkje tillate med mindre typen arbeid gjer det nødvendig. Søndagsarbeid og helgedagsarbeid skal drøftast med arbeidstakarane sin tillitsvalde. Arbeidsgivaren og arbeidstakaren kan inngå skriftleg avtale om arbeid på søndagar og helgedagar mot tilsvarande fri på andre dagar som i samsvar med arbeidstakaren sin religion er helge- eller høgtidsdag. Arbeidstakar skal ha fri annankvar søndag. Det kan lagast ein skriftleg avtale om å arbeide inntil tre søndagar på rad, men arbeidstakaren skal i gjennomsnitt ha fri annankvar søndag i løpet av 26 veker.
Arbeid frå kl. 18.00 dagen før ein søndag eller helgedag til kl. 22.00 dagen før neste yrkedag, vert rekna som søndags- og helgedagsarbeid.
Som helgedagar vert rekna:
1. og 2. juledag
1. nyttårsdag
Skjærtorsdag, langfredag, 1. og 2. påskedag
Kristi Himmelfartsdag
1. og 2. pinsedag
Nattarbeid
Nattarbeid er ikkje tillate med mindre typen arbeid gjer dette nødvendig. Arbeid mellom kl. 21.00 og kl. 06.00 vert rekna som nattarbeid. Før nattarbeid vert sett i verk skal arbeidsgivaren drøfte behovet med arbeidstakarane sin tillitsvalde.
Arbeidstakarar som regelmessig arbeider om natta, kan ha rett til fritak frå nattarbeid dersom dei har behov for det og fritaket kan gjennomførast utan vesentleg ulempe for verksemda.
Arbeidsplan
Dersom arbeidstakarane jobbar til ulike tider, skal det lagast ein arbeidsplan eller ei vaktliste som viser kva for veker, dagar og tider den enkelte skal jobbe. Planen skal lagast i samarbeid med arbeidstakarane sin tillitsvalde. Dersom ikkje anna er avtalt i tariffavtalen, skal arbeidsplanen drøftast med dei tillitsvalde så tidleg som mogleg, og seinast to veker før planen vert sett i verk. Planen skal vere lett tilgjengeleg for arbeidstakarane.
Arbeidstid for barn og ungdom
Hovudregelen er at barn under 15 år ikkje skal nyttast som arbeidskraft. For personar under 18 år skal arbeidstida leggjast slik at ho ikkje hindrar skulegang. I dei tilfella der arbeid er tillate er det avgrensingar i kor lenge og mykje ein kan jobbe.
Oversikt over arbeidstid
Som arbeidsgivar skal du ha ei oversikt som viser kor mykje den enkelte arbeidstakaren har arbeidd. Oversikta skal vise kor mange timar som er jobba innanfor alminneleg arbeidstid, kor mange timar med overtid og samla arbeidstid. Overtidsreglane i dei øvre grensene for alminneleg arbeidstid i arbeidsmiljølova gjeld uavhengig av kva for arbeidstid som er fastsett i tariffavtalen. For bedrifter med tariffavtale må det kome fram både utrekning av lønn og overtidsbetaling etter tariffavtalen, og arbeidstid og overtid etter arbeidsmiljølova. Oversikta skal vere tilgjengeleg for Arbeidstilsynet og arbeidstakarane sin tillitsvalde.
Kontakt og hjelp:
Tvistar
Tvistar om fleksibel arbeidstid, rett til redusert arbeidstid og fritak frå nattarbeid, overtidsarbeid og meirarbeid kan behandlast av Tvisteløsningsnemnda.