- Start
- Starte og drive bedrift
- Arbeidsforhold
- Sjukepengar for sjølvstendig næringsdrivande
Sjukepengar for sjølvstendig næringsdrivande
Når får du sjukepengar som sjølvstendig næringsdrivande?
Som sjølvstendig næringsdrivande får du 80 prosent av sjukepengegrunnlaget frå og med 17. sjukedag. Dei 16 dagane vert talde frå du oppsøkjer lege, eller frå Nav får melding om arbeidsuførleiken. Det vert ikkje rekna sjukepengar av inntekt over seks gonger folketrygda sitt grunnbeløp (6 G) (for tida 780 960 kroner).
Utrekning av sjukepengegrunnlag for sjølvstendig næringsdrivande
Når Nav skal betale sjukepengar, må det fastsetjast eit sjukepengegrunnlag. Dette vert vanlegvis rekna ut frå gjennomsnittet av pensjonspoengtala for dei siste tre åra.
Sjukepengegrunnlaget er avgrensa opp til seks gonger folketrygda sitt grunnbeløp (6 G)(For tida 780 960 kroner). Dersom du har vorte yrkesaktiv for mindre enn tre år sidan, eller inntekta di på tidspunktet for sjukemeldinga er varig endra med eit avvik på meir enn 25 prosent i forhold til det utrekna sjukepengegrunnlaget, vil sjukepengegrunnlaget fastsetjast ved skjøn.
Dersom du har inntekt både som arbeidstakar og som sjølvstendig næringsdrivande, blir sjukepengane rekna ut etter reglane for arbeidstakere.
Frivillig sjukepengeforsikring
For å oppnå betre sjukepengedekning enn 80 prosent frå 17. sjukedag må du teikne frivillig sjukepengeforsikring gjennom Nav. Det finst tre alternative forsikringar.
| Type sykepengeordning | Forsikringspremie |
| Ordinær sjukepengeordning med 80 % sjukepengedekning frå 17. sjukedag | Ingen |
| Frivillig sjukepengeforsikring med 80 % sjukepengedekning frå 1. sjukedag | 3,1 % av forventa årsinntekt |
| Frivillig sjukepengeforsikring med 100 % sjukepengedekning frå 17. sjukedag | 1,4 % av forventa årsinntekt |
| Frivillig sjukepengeforsikring med 100 % sjukepengedekning frå 1. sjukedag | 7,5 % av forventa årsinntekt |
Også for dei frivillige sjukepengeforsikringane gjeld ei øvre grense for sjukepengegrunnlaget på seks gonger folketryda sitt grunnbeløp (6 G), som betyr at du ikkje får dekning via forsikringa for inntekter over 6 G.
Premien for frivillig sjukepengeforsikring kan trekkjast frå på skattemeldinga.
Frivillig yrkesskadetrygd
Sjølvstendig næringsdrivande må teikne frivillig yrkesskadeforsikring hos Nav for å få yrkesskadeerstatning. Yrkesskadedekning gir rett til særytingar ved yrkesskade.