- Start
- Skjemaoversikt
- Tolletaten
- Varesertifikat EUR.1
Varesertifikat EUR.1
Varesertifikat EUR.1 er eit preferanseopphavsbevis som kan gi tollfordelar i mottakarlandet og brukast ved eksport av vare til land Noreg/EFTA har frihandelsavtale med.
Ved eksport av varer til land som Noreg/EFTA har frihandelsavtale med, når de vil gjere krav på redusert tollavgift ved eksport til ein mottakar som er omfatta av ein frihandelsavtale. Dette er eit preferanseopphavsbevis som kan gje tollfordelar i mottakarlandet.
Alle eksportørar og deira representantar (transportørar/speditørar m.m.) kan nytte skjemaet. For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla «Rekneskapsmedarbeidar». Du kan sjekke kva roller du har på profilen din. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon til å delegere ho til deg.
Privatpersonar kan også bruke dette skjemaet.
Det skal leggjast ved grunnlagsdokumentasjon som dokumenterer korleis varene oppnår preferanseopphav. Hovudsakleg vil dette vere minst eitt av følgjande dokument:
- Opphavserklæring (Fakturaerklæring)
- Nasjonal leverandørerklæring
- Varesertifikat EUR.1
Støttedokument kan vere:
- Underleverandørerklæringar
- Faktura
- Lagerrekneskap
- Slutt-/bryggjesetlar
Det kan berre vere varer med same opphav på same varesertifikat. Har du fleire varer med ulikt opphav, må du bruke fleire varesertifikat. Les meir om opphavsbevis her:
Kva land kan Varesertifikat EUR.1 brukast i?
Hjelp til utfylling av opphavsbevis EUR.1
Fagleg brukerstøtte
Kontaktsenteret hos Tolletaten kan svare på spørsmål som gjeld utfylling av skjema. Kontakt oss her. Telefon: 22 86 03 12