Digdir logomarkAltinn

Melding frå bedrift/organisasjon til Statsforvaltaren

Skjema for verksemder og organisasjonar som skal sende melding til Statsforvaltaren. Skjemaet kan òg brukast til å sende sensitive opplysningar. Du må ha rolla utfyllar/innsendar i Altinn for di verksemd/organisasjon for å kunne nytte skjemaet. Skjemaet krev innlogging med e-ID.

Når skal skjemaet brukast?

Du kan bruke dette skjemaet når bedrifta eller organisasjonen som du representerer, skal sende opplysningar til Statsforvaltaren. Skjemaet kan også brukast til å sende sensitive opplysningar, og til å ettersende dokument.

Kven skal bruke skjemaet?

Du må vere tildelt ei rolle i Altinn for å kunne sende meldingar på vegner av ei verksemd eller ein organisasjon. Slik kan du be om tilgang. Sjå også oversikta over alle Altinn-roller og kven som får desse førehandstildelt.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar . Du kan sjekke hvilke roller du har for ein aktør på sida Profil.

Kvifor skal skjemaet brukast?

Dersom du sender sensitive opplysningar til oss via vanleg e-post, kan du risikere at andre får tilgang til informasjonen du deler. Det digitale meldingsskjemaet kan trygt brukast til sensitiv informasjon, og systemet handterer også store vedlegg.

Treng du hjelp?