Digdir logomarkAltinn

Volumopplysningar for lufttransport med passasjerar (RA-0613-2)

Flyselskap som leverer ruteflyvning i Noreg, skal gi opplysningar om listeprisar og volum på strekning, bookingklasse og månad. Opplysningane blir nytta til å berekne ein produsentprisindeks for næringshovudgruppa lufttransport med passasjerar og er en del av statistikken 'Prisindeksar for transport og lagring'.

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Kvartalsvis

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Kven skal sende inn skjemaet?

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».

Aktuelt regelverk

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon og beskriving av vedleggsfiler finn du her Tilgjengelegheitserklæring