Digdir logomarkAltinn

Utanrikshandel med tenester etter leveringsmåte (RA-0805)

Utanrikshandel med tenester etter leveringsmåte tek sikte på å samle inn data om korleis tenester blir leverte til utanlandske kundar (eksport) og korleis tenester blir leverte frå utanlandske leverandørar (import). Slik informasjon er av sentral betydning i handelsforhandlingar og for å kunne møte internasjonale rapporteringsforpliktingar.

 

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Årleg

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Kven skal sende inn skjemaet?

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du tilgang til denne spesifikke skjematenesta i form av ein enkeltrett, eller du må ha ei av desse rollene i Altinn: Utfyllar/innsendar, Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i "Arkiv".

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i "Arkiv" og trykke på "Lag ny kopi".

Aktuelt regelverk

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her.  Tilgjengelegheitserklæring