Digdir logomarkAltinn

Rapportering om valutahandel (RA-0628)

Bankar som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi informasjon om daglege transaksjonsdata over kjøp og sal av norske kroner mot utanlandsk valuta frå dei største bankane. Opplysningane blir nytta til å gi informasjon om kva for aktørar som har vore aktive i valutamarknaden og kva for type kontraktar som er inngått.

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Dagleg.

Frist for innsending er seinast ved utløpet av etterfølgjande arbeidsdag.

Kven skal sende inn skjemaet?

Bankar som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du ei av desse rollene i Altinn: Utfyllar/Innsendar, Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Skjemaet krev innlogging med tryggleiksnivå 2 eller høgare.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».

Aktuelt regelverk

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon og beskriving av vedleggsfiler finn du her Tilgjengelegheitserklæring