Digdir logomarkAltinn

Kortdata til Statistisk sentralbyrå og Noregs Bank (RA-0551)

Bankar, finansieringsføretak og andre institusjonar eller føretak som driv betalingsformidling, og som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi oversikt over norske hushalds transaksjonar med utlandet og utanlandske hushalds transaksjonar i Noreg. Opplysningane blir nytta i den kvartalsvise og den årlege utanriksrekneskapen for Noreg.

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Årleg og kvartalsvis.

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Kven skal sende inn skjemaet?

Bankar, finansieringsføretak og andre institusjonar eller føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar.

Skjemaet krevjer innlogging med sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».

Aktuelt regelverk

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon og beskriving av vedleggsfiler finn du her Tilgjengelegheitserklæring