Digdir logomarkAltinn

Pris på nye fleirbustader (RA-0701)

Bustadprodusentar som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysningar om salspris på nye småhus og blokkleilegheiter. Opplysningane blir nytta til å lage ein kvartalsvis indeks som skal vise salsprisutviklinga.

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Kvartalsvis.

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

 

Kven skal sende inn skjemaet?

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du ei av desse rollene i Altinn: Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett, Rekneskapsførar utan signeringsrett eller  Utfyllar/Innsendar.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».

Aktuelt regelverk

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her Tilgjengelegheitserklæring