Digdir logomarkAltinn

Potet- og grovfôravlingar (RA-0433)

Føretak som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysningar om tilsådd og hausta areal, avling av eng og andre grovfôrvekstar og potet og korn til krossing. Opplysningane blir nytta til å utarbeide offisiell statistikk til bruk både innanfor privat og offentleg forvaltning, samfunnsplanlegging, forsking og rettleiing.

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Årleg.

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Kven skal sende inn skjemaet?

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/Innsendar, Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar utan signeringsrett eller Rekneskapsførar med signeringsrett.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Tenesta krev innlogging med sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».

Aktuelt regelverk

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her Tilgjengelegheitserklæring