Digdir logomarkAltinn

Plantevern på friland (RA-0475)

Undersøkinga blir utført med støtte frå Landbruksdirektoratet. Formålet er å belyse den faktiske bruken av plantevernmiddel i jordbruket. Temaet er av stor betydning ved vurdering av plantevernmidla si innverknad på helse og miljø.

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Kvart 2. - 3. år.

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Kven skal sende inn skjemaet?

Jordbruksbedrifter som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet ligg i innboksen til den som er trekt ut til å svare på undersøkinga.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».

Aktuelt regelverk

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her Tilgjengelegheitserklæring