Digdir logomarkAltinn

Medlemstal og arbeidskonfliktar (RA-0244)

Arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar blir bedt om å gi eit oversyn over mengd medlemmar og eventuelle arbeidskonfliktar dei har delteke i. Opplysningane blir brukte til å lage ein statistikk for å følgje utviklinga i det norske arbeidsliv, blant anna gjennom Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU).

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Årleg.

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Kven skal sende inn skjemaet?

Alle arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar skal levere skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i "Arkiv".

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i "Arkiv" og trykke på "Lag ny kopi".

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her. Tilgjengelegheitserklæring