Digdir logomarkAltinn

Leigeavtaler etter IFRS 16 (RA-0816)

Statistisk sentralbyrå (SSB) treng opplysningar for å kartleggje føring av leigeavtalar etter Internasjonal Financial Reporting Standards (IFRS) 16. Dataa skal brukast for å fastsetje rekneskapsmessige effektar av overgang til IFRS 16, og for å gjere nødvendige justeringar i variablane i statistikkane Næringane si økonomiske utvikling og Elektrisitetsnæringa si økonomiske utvikling. Justeringar er også viktige for å få korrekte data for årleg nasjonalrekneskap.

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Årleg

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Kven skal sende inn skjemaet?

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du tilgang til denne spesifikke skjematenesta i form av ein enkeltrett, eller du må ha ei av desse rollene i Altinn: Utfyllar/InnsendarAnsvarleg revisorRekneskapsførar med signeringsrett, Rekneskapsførar utan signeringsrett, Rekneskapsmedarbeidar eller Kontaktperson for NUF.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i "Arkiv".

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i "Arkiv" og trykke på "Lag ny kopi".

Aktuelt regelverk

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her. Tilgjengelegheitserklæring