Digdir logomarkAltinn

Kvartalsvis fondsinformasjon frå fondsforvaltningsselskap (RA-0627)

Alle norskregistrerte verdipapirfond, og utanlandskregistrerte verdipapirfond forvalta av norsk forvaltningsselskap, skal gi opplysningar om kvar enkelt fondsandelskapital, teikningar/innløysingar av fondsandelar og utbetalt avkastning. Opplysningane blir nytta til å utarbeide oversikt over balansen i fonda og kva fonda eig av verdipapir.

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Kvartalsvis.

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Kven skal sende inn skjemaet?

Berre fondsforvaltarar som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Tenesta krev innlogging med sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».

Aktuelt regelverk

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon og beskriving av vedleggsfiler finn du her Tilgjengelegheitserklæring