Digdir logomarkAltinn

Kvalitetssikring av næringskodar (RA-0818)

Skjemaet blir sendt til utvalde bedrifter der opplysninga om aktivitet/bransje i Einingsregisteret ikkje åleine kan brukast til fastsetjing av næringskode. Skjemaet inneheld spørsmål om aktiviteten til bedrifta. Aktiviteten skal beskrivast så nøyaktig som mogleg.

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Årleg

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Kven skal sende inn skjemaet?

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du ei av desse rollene i Altinn: Utfyllar/innsendarAnsvarleg revisorRekneskapsførar med signeringsrett eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».

Aktuelt regelverk

Spørsmål om skjemaet

Meir informasjon finn du her