Digdir logomarkAltinn

Investeringar i oljenæringa - Kontor (RA-0141-K)

Føretak som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysningar om utførte investeringar i føregåande kvartal og overslag for framtidige periodar. Statistikken over investeringar i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning er ein viktig indikator for å forstå den økonomiske utviklinga i Noreg, og for å skaffe informasjon om innanlandsk etterspørsel etter kapitalvarer.

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Kvartalsvis

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Kven skal sende inn skjemaet?

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du tilgang til denne spesifikke skjematenesta i form av ein enkeltrett, eller du må ha ei av desse rollene i Altinn:  Utfyllar/innsendar, Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett, Rekneskapsførar utan signeringsrett eller Rekneskapsmedarbeidar.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i "Arkiv".

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i "Arkiv" og trykke på "Lag ny kopi".

Aktuelt regelverk

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her Tilgjengelegheitserklæring