Digdir logomarkAltinn

Godstransport på kysten (RA-0438)

Eigarar/operatørar av laste- og lossestader langs kysten som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysningar om godsomslag og talet på passasjerar. Opplysningane blir nytta til å vise omfang og utvikling av gods- og passasjertransport på sjø, mellom norske hamner og mellom norske og utanlandske hamner.

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Årleg

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Kven skal sende inn skjemaet?

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du ei av desse rollene i Altinn: Utfyllar/innsendar, Ansvarleg Revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet blir for dei fleste av rapportørane lagt ut i føretakets innboks, men føretak/kommunar med fleire undereiningar der hamna inngår som ei av desse (med eige organisasjonsnummer) vil finna skjemaet i den respektive hamneeininga sin innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».

Aktuelt regelverk

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her Tilgjengelegheitserklæring