Digdir logomarkAltinn

Godkjenning som trafikkskole

For å drive med trafikkopplæring må du ha godkjenning frå Statens vegvesen. Du kan søkje om godkjenning som trafikkskule og kursarrangør, eller godkjenning for trafikkopplæring i offentleg skuleverk.

Statens vegvesen - søknad om godkjenning av trafikkskole
Kven skal bruke skjemaet?

Alle som ønskjer å drive med trafikkopplæring.

Kva skal eg leggje ved?

Det er ikkje krav om vedlegg, og dersom det er behov for ytterlegare dokumentasjon, vil du bli kontakta.

Kvifor skal skjemaet brukast?Meir om skjemaet

Gebyr:

Statens vegvesen krev gebyr for behandling av søknad om godkjenning som trafikkskule, jf. Forskrift om gebyr på tenester utført av Statens vegvesen på trafikant- og køyretøyområdet § 10-1, og trafikkopplæringsforskrifta § 5-14. Gebyret må betalast sjølv om du får avslag på søknaden.

Saksbehandlingstid:

Godkjenningsstyresmakta skal stadfeste mottak av søknaden din innan ein månad etter at den er motteken, og opplyse om eventuelle manglande dokument eller manglar ved søknaden.Godkjenningsstyresmakta skal ha ferdigbehandla søknaden innan ein månad etter at søknaden var komplett.

Klagerett:

Når godkjenningsstyresmakta har fatta eit vedtak, har du moglegheit til å klaga på dette vedtaket etter reglane i forvaltningslova kapittel VI.

 

Kontaktinformasjon

Statens vegvesenPostboks 1010 Nordre Ål2605 LILLEHAMMER E-post: firmapost@vegvesen.noTelefon: 22 07 30 00