Digdir logomarkAltinn

Godkjenning av verkstader

Verksemder som skal tilby arbeid på visse delar på køyretøy skal ha ei godkjenning frå Statens vegvesen. Verksemda kan søkja om godkjenning som verkstad på Di side:

Statens vegvesen - godkjenning av verksteder

Alternativt kan følgjande skjema  nyttast:

Statens vegvesen – skjema for godkjenning som køyretøyverkstadtatens vegvesen – skjema for godkjenning som fartsskrivarverkstedStatens vegvesen – skjema for godkjenning som alkolåsverkstadStatens vegvesen – skjema for søknad om særleg arbeidsløyve

 

Kva skal eg leggje ved?

Informasjon om kva som skal leggjast ved finn du både i den digitale søknadsløysinga hos Statens vegvesen: Di side og i søknadsskjemaet.

Kvifor skal skjemaet brukast?Meir om skjemaet

Om godkjenning av køyretøyverkstader

Dei som skal utføre arbeid på bestemte delar på køyretøy (til dømes bremsar, styringsinnretning, berande konstruksjon, drivverk, hjuloppheng, hjulutrustning, motor, lysutstyr osb.) må ha ei godkjenning frå Statens vegvesen. For å få godkjenning som køyretøyverkstad må verksemda dokumentere å ha godkjende lokale, naudsynt utstyr og eit aktivt og oppdatert kvalitetsstyringssystem for verkstaddrifta. I tillegg må verksemda ha ein teknisk leiar og stedfortredar som er godkjent frå Statens vegvesen

Om godkjenning som fartsskriververkstad

Verksemder som skal tilby arbeid på fartsskrivarar og tilhøyrande komponentar på køyretøy må vere godkjende av Statens vegvesen. For å få godkjenning som fartsskrivarverkstad må verksemda dokumentere å ha godkjende lokale, naudsynt utstyr og eit kvalitetsstyringssystem for verkstaddrifta. I tillegg må verksemda ha ein ansvarleg leiar og stedfortredar som oppfyller kompetansekrav for arbeid på fartsskrivarar.

Om godkjenning som alkolåsverkstad

Verksemder som skal tilby arbeid på alkolås på minibussar og bussar som vert nytta til persontransport mot vederlag må ha godkjenning som alkolåsverkstad. For å få godkjenning som alkolåsverkstad må verksemda dokumentere å ha godkjende lokale, naudsynt utstyr og eit kvalitetsstyringssystem for verkstaddrifta. I tillegg må verksemda ha ein ansvarleg leiar og stedfortredar som oppfyller kompetansekrava for arbeid på alkolås.

Om godkjenning som kontrollorgan

For å bli godkjent som kontrollorgan må verksemda dokumentere at lokale og teknisk utstyr har naudsynte løyver. For å bli godkjent som kontrollorgan må verksemda også ha ein godkjent teknisk leiar og stedfortredar. Både teknisk leiar og stedfortredar, samt kontrollørar som skal utføre periodisk kontroll, må ha personleg godkjenning som kontrollør.

Statens vegvesen - krav til personlig godkjenning for kontrollører


Om særskild arbeidsløyve for bestemte typar arbeid på køyretøy.

Statens vegvesen kan gje særskild arbeidsløyve dersom verksemda kan dokumentere  å ha eigna lokale til arbeidet og nødvendig utstyr. Verksemda må også dokumentera å ha minst ein fagleg ansvarleg som har rett kompetanse for å utføra slikt arbeid.

Statens vegvesen - Om godkjenning av verkstader og særlege arbeidsløyve

Gebyr:

For behandling av søknad om godkjenning må det betalast eit gebyr:

  • Køyretøyverkstad: 20.220 kroner
  • Særskild arbeidsløyve: 14 440 kroner
  • Fartsskriververkstad: 20 220 kroner
  • Alkolåsverkstad: 14 440 kroner

Saksbehandlingstid:

For søknader om godkjenning av køyretøyverkstad, særskild arbeidsløyve, fartsskriververkstad, alkolåsverkstad og kontrollorgan skal søknaden bli behandla innan ein månad. Saksbehandlingstida startar frå det tidspunktet Statens vegvesen har motteke all nødvendig dokumentasjon i saka. Dersom det ikkje er mogleg å behandle saka innan ein månad, skal Statens vegvesen gi søkjaren ei førebels melding med informasjon om når saka kan forventast å bli ferdig behandla.

Klagerett:

Det er klagerett på saker om godkjenning. Søkjar kan klage på Statens vegvesen sitt vedtak i samsvar med forvaltningslova.

Kontaktinformasjon

Statens vegvesenPostboks 1010 Nordre Ål2605 LILLEHAMMER E-post: firmapost@vegvesen.noTelefon: 22 07 30 00