Digdir logomarkAltinn

Godkjenning av læresteder som tilbyr yrkessjåføropplæring

For å kunne tilby yrkessjåføropplæring skal lærestad, undervisningsansvarleg og undervisningspersonellet vera godkjent av Statens vegvesen.

Statens vegvesen - søknad om godkjenning som lærestad for yrkessjåførutdanning
Kven skal bruke skjemaet?

Verksemder som ønsker å tilby yrkessjåføropplæring.

Kva skal eg leggje ved?

Informasjon om kva vedlegg som krevst finn du i søknadsskjemaet som er tilgjengeleg på nettsida til Statens vegvesen.

Kvifor skal skjemaet brukast?Meir om skjemaet

Kriterium/vilkår:

Lærestaden skal ha ein undervisningsansvarleg som er godkjend av Statens vegvesen. Du søkjer om godkjenning av undervisningsansvarleg i same søknadsskjema som for å bli ein godkjend lærestad.

Det trengst per no ikkje særskild godkjenning av dei som skal undervisa innan yrkessjåførutdanninga. Det blir likevel stilt kompetansekrav til lærarane, og det er ansvaret for skulen at dei nyttar kvalifiserte lærarar.

Per i dag krevst det ikkje særskild godkjenning av dei som skal undervisa innan yrkessjåførutdanninga. Det blir likevel stilt kompetansekrav til lærarane, og det er ansvaret for skulen at dei nyttar kvalifiserte lærarar. Godkjenning blir gitt etter dokumentert søknad.

Forskrift om grunnutdanning og etterutdanning for yrkessjåførar (yrkessjåførforskrifta), § 24. Godkjenning av undervisningsansvarleg Forskrift om grunnutdanning og etterutdanning for yrkessjåførar (yrkessjåførforskrifta), § 26. Krav til personell som skal undervisa i grunnutdanninga

Gebyr:

Det er ikkje gebyr.

Saksbehandlingstid:

Godkjenningsstyresmakta skal stadfeste mottak av søknaden din innan ein månad etter at den er motteken, og opplyse om eventuelle manglande dokument eller manglar ved søknaden.

Godkjenningsstyresmakta skal ha ferdigbehandla søknaden innan ein månad etter at søknaden var komplett.

Klagerett:

Når godkjenningsstyresmakta har fatta eit vedtak, har du moglegheit til å klaga på dette vedtaket etter reglane i forvaltningslova kapittel VI.

 

Kontaktinformasjon

Statens vegvesenPostboks 1010 Nordre Ål2605 LILLEHAMMER E-post: firmapost@vegvesen.noTelefon: 22 07 30 00