- Start
- Skjemaoversikt
- Skatteetaten
- Tredjepartsopplysningar - skattefrie utbetalingar frå offentlege myndigheiter
Tredjepartsopplysningar - skattefrie utbetalingar frå offentlege myndigheiter (RF-1319)
Skjema for rapportering av tredjepartssopplysningar for skattefrie utbetalingar frå offentlege myndigheiter. Kan nyttast av kommunale og statlege myndigheiter.
Årleg rapportering, frist 31. januar.
- 2. januar: Altinn opnar for rapportering av tredjepartsopplysningar
- 31. januar: Frist for rapportering av tredjepartsopplysningar - skattefrie utbetalingar frå offentlege myndigheiter
- 1. mars: Siste frist for korrigeringar som skal kome med i den førehandsutfylte skattemeldinga
- 20. oktober: Siste frist for korrigeringar for føregåande inntektsår
Merk: Oppgåver som blir leverte etter fristen året etter inntektsåret, er for seint leverte, og oppgåvegivar kan bli pålagd tvangsmulkt.
Korrigering
Ein korrigerer feil i innsendte oppgåver ved å sende dei inn på nytt med riktig beløp. Siste innsending gjeld.
Offentlege myndigheiter, som statlege og kommunale.
For å rapportera tredjepartsopplysningar må oppgåvegjevarens ni-sifra organisasjonsnummer fra Einingsregisteret nyttast.
For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.
Signering krev rolla Avgrensa signeringsrettighet, Utfyller/Innsendar eller Rekneskapsførar med signeringsrett.
Om selskapet er revisorpliktig er det krav om rolla Ansvarleg revisor.
Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing
Tenesta krev innlogging med tryggleiksnivå 2 eller høgare.
Opplysningsplikta følgjer av skatteforvaltningslova kapittel 7.
Skatteetaten tilbyr to forskjellige skjema i Altinn for rapportering av desse opplysningane:
- Tenesten på denne sida er eit skjema for manuell registrering av oppgåver (NB! Mange oppgåver i same skjema kan føre til tregleik eller feilsituasjonar. Skal du sende inn meir enn 50 oppgåver, tilrår vi at du deler opp innsendinga i fleire skjema).
- Skjema RF-1301 Likningsoppgåver som vedlegg kan nyttast for rapportering av filvedlegg.
Treng du hjelp?
Skatteetaten svarar på spørsmål knytte til utfylling av skjema. E-post: grunnlagsdata@skatteetaten.noTelefon: 800 80 000 (tastevalg 2-3-3)