- Start
- Skjemaoversikt
- Skatteetaten
- Tredjepartsopplysningar - skadeforsikring
Tredjepartsopplysningar - skadeforsikring (RF-1322)
Rapportering til Skatteetaten frå forsikringsselskap.
Årleg rapportering, frist 20. januar.
- 2. januar: Altinn opnar for rapportering av tredjepartsopplysningar
- 20. januar: Frist for rapportering av skadeforsikring.
- 1. mars: Frist for å få innsendte tredjepartsopplysningar med på forhåndsutfylt skattemelding
- 30. mai: Siste frist for å korrigere før skatteoppgjer
- 20. oktober: Siste frist for korrigeringar av tredjepartsopplysningar for foregåande inntektsår
Merk: Oppgåver som vert levert etter fristen 20. januar året etter inntektsåret er for seint levert, og oppgåvegjevar kan ileggjast tvangsmulkt.
Korrigering
Ein korrigerer feil i innsendte oppgåver ved å sende dei inn på nytt med riktig beløp. Siste innsending gjeld.
Forsikringsselskap har plikt til å rapportera tredjepartsopplysningar for utbetalingar til skadeforsikringane.
For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.
Signering krev rolla Avgrensa signeringsrettighet, Utfyller/Innsendar eller Rekneskapsførar med signeringsrett.
Om selskapet er revisorpliktig er det krav om rolla Ansvarleg revisor.
Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing
Tenesta krev innlogging med tryggleiksnivå 2 eller høgare.
Opplysningsplikta følgjer av skatteforvaltningslova kapittel 7.
Skatteetaten tilbyr to forskjellige skjema i Altinn for rapportering av desse opplysningane:
- Tenesten på denne sida er eit skjema for manuell registrering av oppgåver (NB! Mange oppgåver i same skjema kan føre til tregleik eller feilsituasjonar. Skal du sende inn meir enn 50 oppgåver, tilrår vi at du deler opp innsendinga i fleire skjema).
- Skjema RF-1301 Likningsoppgåver som vedlegg kan nyttast for rapportering av filvedlegg.
Treng du hjelp?
Skatteetaten svarar på spørsmål knytte til utfylling av skjema. E-post: grunnlagsdata@skatteetaten.noTelefon: 800 80 000 (tastevalg 2-3-3)