Digdir logomarkAltinn

Tredjepartsopplysningar - godtgjering til opphavar til åndsverk (RF-1357)

Skjema for rapportering av oppgåver over godtgjering til opphavar til åndsverk.

Når skal skjemaet brukast?

Årleg rapportering, frist 15. februar.

  • 2. januar: Altinn opnar for rapportering av tredjepartsopplysningar
  • 15. februar: Frist for rapportering av tredjepartsopplysningar over godtgjering til opphavar til åndsverk
  • 1. mars: Frist for å få rapporterte tredjepartsopplysningar med i den førehandsutfylte skattemeldinga
  • 20. oktober: Siste frist for korrigeringar av tredjepartsopplysningar for føregåande inntektsår

Korrigering

Ein korrigerer feil i innsende oppgåver ved å sende dei inn på nytt med riktig beløp. Siste innsending gjeld.

Kven skal bruke skjemaet?

Offentlege myndigheiter, næringsdrivande selskap og føretak, og dessutan skattefrie selskap, institusjonar og organisasjonar som har utbetalt honorar eller godtgjering for bruk av ein opphavsrett i inntektsåret blir omfatta av opplysningsplikta og skal rapportera det utbetalte beløpet.

For å rapportera tredjepartsopplysningar må opplysningspliktig sitt ni-sifra organisasjonsnummer frå Einingsregisteret nyttast.

Kva slags rollar krevjast?

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.

Signering krev rolla Avgrensa signeringsrettighet, Utfyller/Innsendar eller Rekneskapsførar med signeringsrett.

Om selskapet er revisorpliktig er det krav om rolla  Ansvarleg revisor.

Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing

Tenesta krev innlogging med tryggleiksnivå 2 eller høgare.

Kvifor skal skjemaet brukast?

Opplysningsplikta følgjer av skatteforvaltningslova kapittel 7.

Meir om skjemaet

Skatteetaten tilbyr to forskjellige skjema i Altinn for rapportering av  desse opplysningane:

  1. Tenesten på denne sida er eit skjema for manuell registrering av oppgåver (NB! Mange oppgåver i same skjema kan føre til tregleik eller feilsituasjonar. Skal du sende inn meir enn 50 oppgåver, tilrår vi at du deler opp innsendinga i fleire skjema).
  2. Skjema RF-1301 Likningsoppgåver som vedlegg kan nyttast for rapportering av filvedlegg.

Treng du hjelp?

Skatteetaten svarar på spørsmål knytte til utfylling av skjema.

E-post: grunnlagsdata@skatteetaten.no
Telefon: 800 80 000 (tastevalg 2-3-3)