- Start
 - Skjemaoversikt
 - Skatteetaten
 - Tredjepartsopplysningar - betalingar til sjølvstendig næringsdrivande
 
Tredjepartsopplysningar - betalingar til sjølvstendig næringsdrivande (RF-1321)
Skjemaet nyttast av alle næringsdrivande oppdragsgivarar som har kjøpt tenester frå sjølvstendig næringsdrivande utan fast forretningsstad i inntektsåret, og som omfattast av opplysningsplikta.
Årleg rapportering, frist 20. januar.
- 2. januar: Altinn opnar for rapportering av tredjepartsopplysningar
 - 20. januar: Frist for rapportering av tredjepartsopplysningar over pass og stell av barn
 - 1. mars: Frist for å få rapporterte tredjepartsopplysningar med i den førehandsutfylte skattemeldinga
 - 20. oktober: Siste frist for korrigeringar av tredjepartsopplysningar for føregåande inntektsår
 
Merk: Oppgåver som blir leverte etter fristen 20. januar året etter inntektsåret, er for seint leverte, og oppgåvegjevar kan verta pålagd tvangsmulkt.
Korrigering
Ein korrigerer feil i innsende oppgåver ved å sende dei inn på nytt med riktig beløp. Siste innsending gjeld
Alle næringsdrivande oppdragsgjevarar som har kjøpt tenester fra sjølvstendig næringsdrivande utan fast forretningsstad i inntektsåret omfattast av opplysningsplikta og skal rapportere det fakturerte beløpet.
For å rapportera tredjepartsopplysningar må oppgavegiveren sitt ni-sifra organisasjonsnummer frå Einingsregisteret nyttast.
For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.
Signering krev rolla Avgrensa signeringsrettighet, Utfyller/Innsendar eller Rekneskapsførar med signeringsrett.
Om selskapet er revisorpliktig er det krav om rolla Ansvarleg revisor.
Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing
Tenesta krev innlogging med tryggleiksnivå 2 eller høgare.
Opplysningsplikta følgjer av skatteforvaltningslova kapittel 7.
Skatteetaten tilbyr to forskjellige skjema i Altinn for rapportering av desse opplysningane:
- Tenesten på denne sida er eit skjema for manuell registrering av oppgåver (NB! Mange oppgåver i same skjema kan føre til tregleik eller feilsituasjonar. Skal du sende inn meir enn 50 oppgåver, tilrår vi at du deler opp innsendinga i fleire skjema).
 - Skjema RF-1301 Likningsoppgåver som vedlegg kan nyttast for rapportering av filvedlegg.
 
Treng du hjelp?
Skatteetaten svarar på spørsmål knytte til utfylling av skjema. E-post: grunnlagsdata@skatteetaten.noTelefon: 800 80 000 (tastevalg 2-3-3)