Digdir logomarkAltinn

Skattemelding for formues- og inntektsskatt - aksjeselskap mv. (RF-1028)

Denne skattemeldinga skal leverast av aksjeselskap, verdipapirfond, bankar, pensjonskasser, pensjonsfond, samvirkeføretak og andre upersonlege skattytarar.

 

Når skal skjemaet brukast?

Frist for elektronisk innsending er 31. mai.

Kven skal bruke skjemaet?

Denne sjølvmeldinga skal leverast av aksjeselskap, verdipapirfond, bankar, pensjonskasser, pensjonsfond, samvirkeføretak og andre upersonlege skattytarar.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.
Signering krev rolla Avgrensa signeringsrett, kontaktperson NUF eller Rekneskapsførar med signeringsrett.

Om selskapet er revisorpliktig krev det rolla Revisorrett eller Ansvarleg revisor.


Du kan sjå kva roller du har for ein aktør på sida Profil. Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg.

Kontroller at du har dei naudsynte rollene i god tid før innrapporteringsfristen.

.

Kva skal eg leggje ved?

Vedleggsskjema finn du under arkfana "Oversikt – over skjema og vedlegg".

Kvifor skal skjemaet brukast?

Opplysningsplikta har heimel i Lov om skatteforvaltning.

Meir om skjemaet

Skattemeldinga for selskap og upersonlege skattytarar er bygd opp av eitt hovudskjema (skattemelding), og i tillegg ulike vedleggsskjema (for eksempel næringsoppgåve).

Hjelp og rettleiing

Du finn hjelpetekstar i skjema ved å klikke på spørsmålsteiknet ved siden av skjemafelta.

Gamle versjonar av skjemaet

Trenger du hjelp?

Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema. Telefon: 800 80 000