- Start
- Skjemaoversikt
- Skatteetaten
- Melding om kildeskatt på renter, royalty og leiebetalinger
Melding om kildeskatt på renter, royalty og leiebetalinger (RF-1528)
Noreg innfører frå 2021 kjeldeskatt på renter, royalty og leigebetalingar som går frå eit norsk selskap eller ein filial til utanlandske nærståande føretak i lågskatteland. Du som er eller representerer trekkpliktig, rapporterer kjeldeskatten ved å fylle ut og sende inn dette skjemaet i Altinn. Endringar gjer du i same skjema. Hugs å leggje inn arkivreferansen på skjemaet du ønskjer å erstatte.
- Frå 1. juli 2021 må norske selskap trekkje kjeldekatt av renter og royaltybetalingar som går til nærståande selskap i lågskatteland.
- Frå 1. oktober 2021 må selskap også trekkje kjeldeskatt av leigebetalingar for visse driftsmiddel til slike selskap.
- Norske aksjeselskap, selskap med deltakarfastsetting og andre norske selskap som blir omfatta av skattelova § 2-2 første ledd eller skattelova § 10-40,
- tilsvarande utanlandske selskap omfatta av skattelova § 10-40 med norske deltakarar, og
- norskregistrerte utanlandske føretak
som betaler
- renter av gjeld, eller
- for bruk eller rett til bruk av immaterielle rettar som patent, varemerke, design, opphavsrett og knowhow (royalty), eller
- leige for visse fysiske driftsmiddel som skip, fartøy, riggar, fly eller helikopter
til eit utanlandsk nærståande selskap i eit lågskatteland.
Det trekkpliktige norske selskapet har ansvaret for å vurdere om det utanlandske nærståande føretaket i eit lågskatteland har skatteplikt eller ikkje.
Frist for rapportering og betaling er 7 dagar etter avtalt betalingsfrist til mottakar.
Etter at du har sendt inn skjema med trekket som er gjort, mottar du melding om kravet i Altinn. Kravet inneheld
- beløpet du skal betale
- kontonummeret du skal betale til
- betalingsfrist
Trenger du hjelp?
Skatteetatens faglige brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.Telefon: 800 80 000