Digdir logomarkAltinn

Sertifisering av lasteskip, lekterar og passasjerskip

Når skal skjemaet brukast?

Søknad skal sendast til Sjøfartsdirektoratet.

Kva skal eg leggje ved?

Teikningar og annan dokumentasjon skal vere lagt ved søknaden.

Kvifor skal skjemaet brukast?
Meir om skjemaet

Dei enkelte sertifikata si gyldigheitstid er som følgjer:

Løyve til avgrensa passasjertransport: 1 år
Passasjersertifikat (innanriks fart): 5 år
Tryggleikssertifikat for passasjerskip (EF): 1 år
Tryggleikssertifikat for passasjerskip (utanriks fart): 1 år
Tryggleikssertifikat for radiotelefoni: 3 år for passasjerskip – fartsområde 3, ev. 5 år
Internasjonalt lastelinjesertifikat: 5 år
Tryggleikssertifikat for konstruksjon av lasteskip: 5 år
Operasjonsløyve for hurtiggåande fartøy: 5 år
Tryggleiksstyringssertifikat: 5 år
Internasjonalt sertifikat for hindring av oljeforureining: 5 år
Internasjonalt sertifikat for hindring av kloakkforureining: 5 år
Godkjenningsbevis: 5 år
Midlertidig tryggleiksstyringssertifikat: 6 månader
Midlertidig godkjenningsbevis: 1 år
Tryggleikssertifikat for utstyr på lasteskip: 5 år
Fartssertifikat: 5 år
Erklæring om førstegangssynfaring: Uavgrensa, reiar/førar skal sjølv føre kontroll med at skipet er i sjødyktig stand.
Tryggleikssertifikat for hurtiggåande fartøy: 5 år
Målebrev: inntil endringar på fartøyet
Beredskapsfartøysertifikat: 5 år
ISPS – Internasjonalt tryggleiks- og terrorberedskapssertifikat: 5 år
Gass og kjemikaliesertifikat: 5 år