Digdir logomarkAltinn

Løyve til drift av opplagsplass eller anlegg for behandling av avfall

For å kunne etablere opplagsplass eller anlegg for behandling av avfall må ein få løyve frå Miljødirektoratet. Her finn du informasjon om søknaden og krav som vert stilte for å få løyve.

 

Kven skal bruke skjemaet?

Verksemder som skal etablere opplagsplass eller behandlingsanlegg for avfall.

Kva skal eg leggje ved?

Følgjande dokumentasjon skal vere lagt ved søknaden:

Kart som viser verksemda si plassering og opplysningar om forholdet til eventuelle oversikts- og reguleringsplanar.

Kvifor skal skjemaet brukast?

Deponering av avfall skal skje på ein kontrollert og forsvarleg måte, slik at skade på menneske og miljø blir forhindra mest mogeleg.

LOV 1981-03-13 nr 06: Lov om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven).

FOR 2004-06-01 nr 931: Forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften).

Meir om skjemaet

Søknaden skal innehalde opplysningar om:

  1. Namn og adresse til søkjaren,
  2. Tydeleg avmerking av den eller dei eigedommane der verksemda føregår,
  3. Utgreiing om forholdet til eventuelle oversyns- og reguleringsplanar,
  4. Skildring av anlegget, arten og omfanget av verksemda, og den teknologien som er vald,
  5. Oversikt over råstoff og hjelpestoff,
  6. Skildring av energikjelder, energiforbruk og energi som vert generert av verksemda,
  7. Skildring av kjeldene til utslepp frå anlegget,
  8. Skildring av alle utslepp til luft, vatn og jord som verksemda kan forårsake, og korleis desse utsleppa vil påverke miljøet,
  9. Utgreiing om miljøtilstanden i området der verksemda er lokalisert,
  10. Oversikt over interessepartar som truleg vil bli råka av verksemda, inkludert ei oversikt over kven som bør varslast, jf. § 36-6 og § 36-7,
  11. Skildring av tiltak for å førebygge og avgrense generering av avfall, inkludert moglegheiter for gjenbruk, gjenvinning og utnytting av avfall som vert produsert som følgje av verksemda,
  12. Skildring av teknikkar som kan førebygge eller avgrense forureining og skadeverknadane av denne,
  13. Framlegg til måleprogram for utslepp til det ytre miljøet,
  14. Tilvising til vedtak eller utsegn frå offentlege organ som saka har vore ført fram for,
  15. Eit samandrag av konsekvensutgreiinga der det skal vere gjennomført, inkludert oversikt over dei viktigaste alternativa som søkjaren har utgreidd, inkludert alternative teknologiske løysingar.

Ved søknad om endring av løyve er det tilstrekkeleg at søknaden inneheld opplysningar på dei punkta der det er endringar i forhold til dei faktiske forholda som vart lagt til grunn då gjeldande løyve vart utferda.


Søknaden skal innehalde eit samandrag av dei nemnde opplysningane. Forureiningsstyresmakta kan gi utfyllande føresegner om søknadens form og innhald, og dersom det er naudsynt for behandlinga av saka, krevje ytterlegare opplysningar enn dei som er ramsa opp i punkta 1 til 15 ovanfor.

Dette følgjer av forureiningforskrifta § 36-2.

For meir informasjon kan ein kontakte Miljødirektoratet eller statsforvaltaren.

Gebyr:

Gebyr blir vurdert i samsvar med forureiningsforskrifta kapittel 39. Verksemda mottar faktura frå forureiningsstyresmakta.

Saksbehandlingstid:

Saksbehandlingstida er normalt sett 6-9 månader for nye verksemder frå komplett søknad er motteken.

Klagerett:

Fristen for å klage er 3 veker frå det tidspunktet underretning om vedtaket er kome fram til vedkomande part.

Kontaktinformasjon

KontaktinformasjonMiljødirektoratetPostboks 5672 Sluppen7485 Trondheim E-post: post@miljodir.noTelefon: 03400 / 73 58 05 00 Besøksadresse: Brattørkaia 15, 7010 TrondheimGrensesvingen 7, 0661 Oslo