Digdir logomarkAltinn

Årleg rapportering av eigenkontroll for landbasert industri (Mdir-001)

Når skal skjemaet brukast?

Rapporteringsfrist er 1. mars kvart år. Rapportering skal utførast ein gong i året.

Feilinnsending
Ved feil eller spørsmål skal verksemda ta kontakt med sin saksbehandlar.

Kven skal bruke skjemaet?

Verksemd med løyve etter lov om forureining og krav om rapportering skal nytte tjenesta.

Du må logge inn på Altinn ved bruk av MinID, BankID, Buypass, Commfides eller BankID på Mobil.

For å ha tilgang til tenesta må du ha Altinn-rolla Energi, miljø og klima . Du kan sjå kva roller du har for eit organisasjonsnummer på sida Profil . Om du ikkje har denne rolle, må du få nokon som har rolla til å delegere den til deg.

Denne rolla er delegerbar til organiasjon og person.

Kva skal eg leggje ved?

Vedlegg er ikke naudsynt, men kan leggjas ved etter ønskje frå verksemda for å dokumentere forhold i skjemaet.

Kvifor skal skjemaet brukast?

Lov om forureining, løyve gitt etter § 11, jf. § 18. Krav om rapportering er spesifisert i løyvet.

Meir om skjemaet

Rapporteringsskjemaet er basert på krav i løyvet ved at verksemda må rapportere i samsvar med gjeldande utsleppsgrenser i verksemda sitt løyve etter forureiningslova. I tillegg krev skjemaet rapportering av årlege mengder utslepp, energi, avfall og status for beredskap.

Trenger du hjelp?

Miljødirektoratet:Glenn StorbråtenE-post: glenn.kristian.storbraten@miljodir.no Øyvind HetlandE-post: oyvind.hetland@miljodir.no