Digdir logomarkAltinn

Produksjon, import og engros sal av matkontaktmateriale

Teneste for å registrere aktivitetar knytte til produksjon, import og engrossal av matkontaktmateriale.

Matkontaktmateriale kan til dømes vere emballasje til mat og drikke, reiskapar til å produsere, lage eller ete mat frå, og dessutan produksjonsutstyr.

Når skal skjemaet brukast?

Tenesta blir brukt når personar eller bedrifter startar med, eller utvidar omfanget av produksjon, import og/eller engros sal av matkontaktmateriale.  

Kven skal bruke skjemaet?

Personar eller bedrifter som er omfatta av registreringsplikta i matkontaktforskrifta skal bruka denne tenesta.

For å fylla ut og senda inn dette skjemaet treng du Altinn-rolle for å representera føretak/undereining som er ansvarleg for drifta, eller Altinn-rolla «Primærnæring og næringsmiddel».

Privatpersonar har automatisk rett til å representera seg sjølve på Altinn.
Du kan sjekka kva roller du har for ein aktør på sidan Profil.

Kvifor skal skjemaet brukast?

Det er eit krav i regelverket at du skal vera registrert hos Mattilsynet om du produserer, importerer og/eller har engrossal av matkontaktmateriale.

Opplysningane blir brukte til å tilpassa rettleiing, planleggja risikobasert tilsyn og betre rapportering.

Treng du hjelp?

Mattilsynet har ei samleside med informasjon og rettleiing for matkontaktmateriale:https://www.mattilsynet.no/mat-og-drikke/matproduksjon/matkontaktmaterialer  Mattilsynet svarer på spørsmål knytte til utfylling av skjemaet Ring oss på 22 40 00 00  Åpningstider: 09.00 til 11.00 og 12.00 til 15.00 (kvardagar). Send e-post til postmottak@mattilsynet.no