Digdir logomarkAltinn

Godkjenning av anlegg for overføring av sæd og embryo

Dei som skal drive anlegg for overføring av sæd og embryo til dyr må søkje godkjenning frå Mattilsynet før verksemda startar.

Kven skal bruke skjemaet?

For å ha tilgang til tenesta må du ha rolla Primærnæring og næringsmiddel, eller tilgang via lokal rolle eller enkeltrett.

Tenesta krev innlogging med ID-porten (tryggleiksnivå 3 eller høgare).

Kva skal eg leggje ved?

Søknaden må vedleggast dokumentasjon på ansvarshavande veterinær, dvs. kontrakt eller anna juridisk bindande dokumentasjon.
Søknaden må og innehalde opplysningar om plassering, utstyr og fasilitetar, helsestatus, med meir.

Kvifor skal skjemaet brukast?Meir om skjemaet

Ordninga gjeld godkjenningsordning for sæd og embryo.

Kriterium/vilkår:

Det stilles krav om ansvarshavande veterinær, plassering, utstyr og fasilitetar, helsestatus, med meir.

Nærare informasjon om krava går fram av forskrift om oksesæd.

Merknader:

Det er knytt gebyr til søknadsbehandlinga, jf. forskrift om betaling av gebyr for særskilde ytingar frå Mattilsynet.

Trenger du hjelp?

Mattilsynet svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjemaet:postmottak@mattilsynet.notlf: 22 40 00 00