Digdir logomarkAltinn

Autorisasjon som dyrepleier

Teneste for å søkje om autorisasjon som dyrepleiar frå Mattilsynet.

Du må ha autorisasjon frå Mattilsynet før du kan praktisera (arbeida) som dyrepleiar i Noreg

Dyrehelsepersonell: Slik søker du om autorisasjon og lisens | Mattilsynet

Når skal skjemaet brukast?

Skjemaet skal brukast av deg som ønskjer å praktisera som dyrepleiar i Noreg og treng autorisasjon for dette.

Kven skal bruke skjemaet?

Søknaden kan berre sendast inn av yrkesutøvar/enkeltpersonar til Mattilsynet.

Kva skal eg leggje ved?

Følgjande dokumentasjon skal vere vedlagt søknaden:

Vitnemål eller anna dokumentasjon frå lærestad som klart viser at tilstrekkeleg utdanning er gjennomført, alternativt kvalifikasjonsbevis/-sertifikat frå offentleg kompetent myndigheit (autorisasjonsdokument).

Dokumentasjon som viser fødselsdato og personnummer, eventuell namneendring og statsborgarskap.

Det blir kravd særskilde vedlegg for:

Søkarar som har teke utdanning i utlandet for meir enn eitt år sidan.

Søkjarar som har teke utdanning i land utanfor EU/EØS må leggje ved:

Beskriving av dei forskjellige faga og omfanget av faga i utdanninga, omsett til engelsk eller norsk.

Uttale frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse; «Generell godkjenning av utanlandsk høgare utdanning».

For meir informasjon om særskilde vilkår sjå nettstaden til Mattilsynet.

Kvifor skal skjemaet brukast?

Det er eit krav i regelverket at du må autorisasjon eller lisens frå Mattilsynet for å praktisera som dyrepleiar i Noreg.

Lov om veterinærer og annet dyrehelsepersonell § 4.

Forskrift om rett til å arbeide som dyrehelsepersonell eller seminpersonell etter EØS-avtalen § 2-1.

Forskrift om dyrepleiere - Lovdata  § 2

Mer om skjemaet

Kriterium/vilkår:

Tilstrekkeleg utdanning i Noreg (NVH), EU-dokumentert utdanning, eller utdanning frå tredjeland som er fagleg tilsvarande den norske.
Søkar må vere under 75 år.
Søkar må vere skikka.

Saksbehandlingsfristar:

Mattilsynet skal stadfeste mottaket av søknaden din innan ein månad etter at den er motteken, og informere om eventuelle manglande dokument eller manglar ved søknaden.

Mattilsynet skal ha ferdigbehandla søknaden innan tre månader etter at søknaden var komplett.

Ved førebels tenesteyting:

Du kan utøve yrket førebels etter at du har sendt førehandsmelding med naudsynte dokument til godkjenningsstyresmakta.

Gebyr:

Mattilsynet krev ikkje gebyr for behandling av søknad om godkjenning.

Klage på vedtak:

Når Mattilsynet har fatta eit vedtak har du moglegheit til å klage på dette vedtaket i samsvar med reglane i forvaltningslova kapittel VI.

Treng du hjelp?

Godkjenningsmyndighet: MattilsynetRegion Sør og Vest, avdeling nasjonale oppgaver,Felles postmottak, Postboks 3832381 Brumunddal E-post: postmottak@mattilsynet.noTelefon: 22 40 00 00