- Start
- Skjemaoversikt
- Landbruksdirektoratet
- Tilskot til tiltak i beiteområde
Tilskot til tiltak i beiteområde
Lag, foreiningar og føretak som driv næringsmessig beitedrift kan få støtte til investeringstiltak og/eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekter i beiteområde. Formålet med tilskotet er å legga til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusera tap av dyr på utmarksbeite og framme fellestiltak i beiteområda.
Kommunen fastset frist for å levera søknad. Sjå utlysning for informasjon om søknadsfrist.
- Lag, foreiningar og føretak kan levera søknad dersom dei fyller vilkåra i Forskrift om tilskudd til tiltak i beiteområder.
- For å søka, må føretaket du søkar for vera registrert i Einingsregisteret. Informasjon om korleis du registrerer eit føretak finn du på nettsidene til Brønnøysundregistera.
- Sjå Altinns hjelpesider for rettleiing veiledning om roller og rettar.
- Tenesta krev innlogging med tryggingsnivå 3 eller høgare.
Ved faste installasjonar og vegetasjonsrydding skal tiltaket vera teikna inn på kart som følgjer søknaden. Opplysningar om rørte beitedyr, tiltaksskildring, kopi av avtalar/løyve og planar som gjeld for beitebruken i området (tiltaksplan, områdeplan, beitebruksplan mv.) er relevante vedlegg for enkelte tiltak.
Treng du hjelp?
Ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål eller treng veiledning.