Digdir logomarkAltinn

Stimuleringstilskudd til veterinærdekning

Kommunar i næringssvake distrikt for dyrehelsepersonell kan søke om stimuleringstilskot til tiltak som bidrar til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell.
Føretak som tilbyr veterinærtenester, samt Longyearbyen lokalstyre og Sysselmannen, kan søke om stimuleringstilskot til tiltak som bidrar til å sikre tilfredsstillende tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell på Svalbard.

Når skal skjemaet brukast?

Skjemaet skal brukast til å søke om stimuleringstilskot til veterinærdekning og rapportere om bruken av stimuleringstilskot året før.
Søknads- og rapporteringsfristen vert fastsett av statsforvaltaren.

Kven skal bruke skjemaet?

Kommunar kan søke om tilskot dersom
• dei har eit dårleg næringsgrunnlag for veterinærar og har problem med å få stabil tilgang til veterinærtenester
• dei har lagt planar for stimuleringstiltak som vil bidra til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell på dagtid

Veterinærføretak, samt Longyearbyen lokalstyre og Sysselmannen, kan søke om tilskot dersom
• dei har lagt planar for stimuleringstiltak som vil bidra til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell gjennom heile året på Svalbard.

Du finn meir informasjon på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Kvifor skal skjemaet brukast?

Opplysningane blir brukte til å behandle søknad om stimuleringstilskot til veterinærdekning og til å kontrollere om tilskotsmottakar har oppfylt pliktene som følgjer med å motta tilskotet.
Vilkåra for å få tilskot finn du i Prop. 1 S frå Landbruks- og matdepartermentet, i tildelingsbrev frå Landbruks- og matdepartementet til Landbruksdirektoratet og i rundskriv frå Landbruksdirektoratet.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stimuleringstilskudd skal rettast til statsforvaltaren.Spørsmål om stimuleringstilskudd til Svalbard skal rettast til statsforvaltaren i Troms og Finnmark.Tekniske problemer med selve skjemaet kan meldes til support@landbruksdirektoratet.no