- Start
- Skjemaoversikt
- Landbruksdirektoratet
- Refusjon av dei kommunale utgiftene til jegerprøva
Refusjon av dei kommunale utgiftene til jegerprøva
Landbruksdirektoratet refunderer etterskotsvis og årleg dei kommunale utgiftene til jegerprøva. Totalbeløpet som skal refunderast til kommunen blir berekna ut frå talet på gjennomførte jegerprøveeksamenar i kommunen siste år.
Søknadsfrist er 20. mars 2025.
Kommunar som har arrangert jegerprøveeksamenar i 2024 kan søkja om refusjon.
For å kunne fylla ut skjemaet, må du ha rolla «Primærnæring og næringsmidler» eller ha enkeltrett til tjenesta. Alle føretak i Noreg har ein eller fleire personar med rolla «Primærnæring og næringsmidler».
For å sjekka om du har riktig rolle eller enkeltrett, kan du logga inn i Altinn og sjå under menypunktet "Profil | Skjema og tenestar du har rett til". Om du ikkje har riktig rolle eller enkeltrett, må du få nokon som har delegeringsrett til å delegera rolla til deg. Sjå Altinn si hjelpesider for rettleiing om roller og rettar.
Tenesta krev innlogging med tryggingsnivå 3 eller høgare.
Kommunen får refundert 120 kr per eksamen. Eitt eksamensforsøk for ein kandidat blir rekna som ein jegerprøveeksamen. Dersom ein kandidat f.eks går opp til eksamen 3 gonger for å bestå, blir dette rekna som 3 jegerprøveeksamenar og 360 kr i refusjon.
Logg inn med ID-porten og kontrollera at alle opplysningar stemmer. Talet på arrangerte jegerprøveeksamenar ligg inne i systemet.
Ta kontakt med Landbruksdirektoratet.