Digdir logomarkAltinn

Nasjonale tilretteleggingsmiddel (LDIR-487)

Denne tenesta skal brukast til å sende inn søknad og førespurnad om utbetaling av Nasjonale tilretteleggingsmiddel. Landbruksdirektoratet lyser vanlegvis ut midla ein gong i året.

Når skal skjemaet brukast?

Bruk tenesta for å:

  • Søkje om Nasjonale tilretteleggingsmiddel (NT)
  • Sende inn førespurnad om delutbetaling av innvilga tilskot
  • Sende inn førespurnad om sluttutbetaling og sluttrapport LDIR 488 for gjennomført prosjekt

Søknadsfristar og all naudsynt informasjon finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider for Nasjonale tilretteleggingsmiddel.

 

Kven skal bruke skjemaet?

Organisasjonar, forskings- og utviklingsinstitusjonar og føretak registrert i Enhetsregisteret, samt fylkeskommunar og kommunar.

For å kunne bruke tenesta må du har rolla «Primærnæring og næringsmidler» eller ha enkeltrett til dette skjemaet i Altinn. Sjå Altinn sine hjelpesider for rettleiing.

For å sjekke om du har riktig rolle eller enkeltrett, kan du logge inn i Altinn og sjå under menypunktet "Profil | Skjema og tjenester du har rettighet til". Om du ikkje har riktig rolle eller enkeltrett, må du få nokon som har delegeringsrett til å delegere den til deg. Sjå Altinn sine hjelpesider for rettleiing om roller og rettar.

Ver merksam på at alle brev i saka vil gå til føretaket sin Altinn-innboks, med varsel på e-post/tlf. til kontaktperson for prosjektet.

Korleis bruke tenesta?

Trykk på knappen «Start teneste» for å få tilgang til søknadsskjema og førespurnad om utbetaling.

Kun éin søknad kan opprettast per føretak om gongen

Det er einast éin om gongen som kan opprette og sende inn søknad i Altinn på vegne av same føretak. For føretak som ønskjer å sende inn fleire søknadar, kan denne avgrensinga skape problem dersom fleire ventar med å sende inn søknad til siste dag før fristen går ut. Ein søkjar frå same føretak vil kome inn i ein allereie lagra søknad dersom den ikkje er sendt inn. I slike tilfelle rår vi dykk til å sende inn søknaden rett etter at den er oppretta i staden for å nytte dykk av funksjonen med å lagre søknaden førebels, for å sende den på eit seinare tidspunkt.

Vi oppmodar føretak som planlegg å sende inn fleire søknadar om å koordinere oppretting og innsending av søknadar. Prosjektomtale og andre vedlegg som skal følgje søknaden, kan arbeidast med utanfor Altinn, og lastast opp i den elektroniske søknaden når den skal sendast inn.

Føremål med ordninga

Tilskotsordninga skal støtte nasjonale tilretteleggingstiltak innan næringsutvikling og kompetanseheving med mål om å styrke verdiskapinga i landbruket. Sjå Landbruksdirektoratet sine nettsider for meir informasjon om tilskotsordninga og årlege utlysingar.

 

Trenger du hjelp?

Ta kontakt med Landbruksdirektoratet. E-post: postmottak@landbruksdirektoratet.noTelefon: 7860 6000