Digdir logomarkAltinn

Godkjenning av organisasjon som krev inn og fordeler vederlag for offentleg framføring av lydopptak av utøvande kunstnarar sine prestasjonar

Kva skal eg leggje ved?

Søkar må leggje fram relevant dokumentasjon som viser at kravet til representasjon er oppfylt, t.d. fullmakter.

Krav til ytterlegare dokumentasjon vil gå fram under behandlinga av søknaden. Krava til dokumentasjon kan variere, og Kulturdepartementet vil i kvar enkelt sak opplyse om kva for ein dokumentasjon som blir kravd.

Kvifor skal skjemaet brukast?

LOV-2018-06-15-40 Lov om opphavsrett til åndsverk m.v. § 21 andre ledd. jf forskrift til åndsverklova §28.

Meir om skjemaet

Kriterier/vilkår:

For å bli godkjent må søkar vere ein organisasjon som representerer ein vesentleg del av dei kvalifiserte for vederlag.

Gebyr:

Det er ikkje knytt gebyr til søknaden.

Saksbehandlingstid:

Saksbehandlingstida kan variere alt etter kor omfattande søknaden er. Fristen skal likevel ikkje overstige 6 månader etter at all naudsynt dokumentasjon er lagt fram, jf. forskrift til åndsverklova § 33.

Klagerett:

Avgjerda frå Kultur- og likestillingsdepartementet er eit enkeltvedtak som kan klagast på etter forvaltningslova §§ 28 og 29. Klagefristen er tre veker.

Kontaktinformasjon

Kultur- og likestillingsdepartementetPostboks 8030 Dep,0030 Oslo E-post: postmottak@kud.dep.no Telefon: 22 24 90 90 Besøksadresse: Grubbegata 1, Oslo