Digdir logomarkAltinn

Fullstendig melding av føretakssamanslutning (KT-0201)

Når skal skjemaet brukast?

Frå 1. juli 2008 er det opp til partane sjølve å bestemme når dei vil gje tilsynet melding om ei føretakssamanslutning, så lenge partane ikkje har tatt til med å gjennomføre føretakssamanslutninga. Det er derimot forbode å gjennomføre fusjonar og oppkjøp som er meldepliktige etter konkurranselova, før Konkurransetilsynet har handsama saka.

Gjennomføringsforbodet gjev såleis ei oppfordring til å melde føretakssamanslutninga så tidleg som mogleg. Føretakssamanslutninga må likevel kunne beskrivast konkret nok til at Konkurransetilsynet vurderer at meldinga tilfredsstiller krava til innhald.

Kven skal bruke skjemaet?

Kva for kjøp skal meldas

Bedrifter og andre næringsdrivande har plikt til å melde frå til Konkurransetilsynet om fusjonar, oppkjøp og avtalar som fører til kontroll i andre selskap. I konkurranselova blir dette kalla føretakssamanslutningar.

I utgangspunktet er det plikt til å melde føretakssamanslutningar dersom dei involverte føretaka til saman omset for over 50 millionar kroner i Noreg årleg.

Det er likevel ikkje meldeplikt dersom berre eitt av føretaka omset for meir enn 20 millionar kroner i Noreg årleg.

Kven skal melde

Fusjon:

Dersom to eller fleire bedrifter fusjonerer, må det sendast felles melding.

Oppkjøp:

Bedrifta eller bedriftene som får kontroll i ei anna bedrift, skal sende melding.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/Innsendar.

Du kan sjå kva roller du har for ein aktør på sida Profil. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegere ho til deg.

Meir om skjemaet

Det er også gjort endringar i krava til innhald i den alminnelege meldinga ved at føretaka sine verksemdsområde skal beskrivast. I tillegg skal meldinga innehalde namna på dei fem viktigaste konkurrentane, kundane og leverandørane i marknader i Noreg eller som Noreg er del av, kor dei involverte føretaka og føretak i same konsern har overlappande verksemd uavhengig av marknadsdel.

Skjema og informasjon i Altinn vil bli oppdatert snarleg. I mellomtida vert aktørane oppmoda om å gjere seg kjende med lovendringa på www.konkurransetilsynet.no.

-------------------

Skjemaet finst i to utgåver, vanleg - KT-0101 Vanleg melding av føretakssamanslutningar og fullstendig melding - KT-0201 Fullstendig melding av føretakssamanslutningar.

Den vanlege meldinga skal gje Konkurransetilsynet informasjon for å avgjere om tilsynet skal sjå nærmare på saka og be om ei fullstendig melding. Den som melder, kan likevel sjølv velje å levere fullstendig melding med ein gong.