Digdir logomarkAltinn

Melding om samhandlingsavvik til HMR HF

Dette er eit skjema der kommunar og fastlegar kan melde frå om samhandlingsavvik til Helse Møre og Romsdal HF. Brot på samarbeidsavtalen mellom helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal eller tilhøyrande retningsliner kan meldast som samhandlingsavvik. Også enkelthendingar der noko ikkje har fungert i samarbeidet, kan meldast som samhandlingsavvik. Føremålet er kvalitets- og forbetringsarbeid.

Når skal skjemaet brukast?

Når tilsette i kommunar eller fastlegar avdekker uønskte hendingar (brot på samarbeidsavtalen, retningsliner eller andre uønskte hendingar) i samhandlinga med helseføretaket.

Kven skal bruke skjemaet?

Kommunale einingar innan helse og fastlegar

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyller/Innsender. Du kan sjekke kva for roller du har for ein aktør på sida Profil.

Trenger du hjelp?

Epost: postmottak@helse-mr.no