Digdir logomarkAltinn

Søknad om personleg konsesjon som rekneskapsførar (KRT-3000)

Dette skjema skal du bruke ved søknad om godkjenning som statsautorisert rekneskapsførar.

Når skal skjemaet brukast?

Søknad med vedlegg blir send inn når søkjaren meiner å oppfylla vilkåra for godkjenning, og har skaffa dokumentasjon. Sjå informasjon om vilkåra på Finanstilsynets nettstad: 
Informasjon om vilkår for godkjenning som statsautorisert rekneskapsførar

Informasjon om personleg konsesjon viss du har kvalifikasjonar som ekstern rekneskapsførar frå EU/EØS-land, Sveits eller Storbritannia

Du må levere søknad med vedlegg elektronisk i Altinn

Kven skal bruke skjemaet?

Søknadsskjemaet skal kun nyttast for personleg søknad om konsesjon som statsautorisert rekneskapsførar.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/Innsendar. Du kan sjå kva for roller du har for ein aktør på sida Profil, roller og rett.

Kva skal eg leggje ved?

Kva vedlegg som er nødvendige kjem fram i skjemaet.

Kvifor skal skjemaet brukast?Meir om skjemaet

Sjå informasjon om vilkåra for godkjenning på Finanstilsynets nettsider:

Informasjon om godkjenning som statsautorisert rekneskapsfører

Gebyr:

Det er ikkje behandlingsgebyr for å søkje om konsesjon som statsautorisert rekneskapsførar.

Saksbehandlingstid

Finanstilsynet som mål å behandle søknadar om konsesjon forrekneskapsførarar innan 30 dagar. Behandlingstida vert likevel påverka av kompleksiteten i søknaden, saksmengda elles og allokeringa av ressursane. Mangelfull dokumentasjon forseinkar også saksbehandlingstida. Enkelte kan derfor oppleve lenger behandlingstid enn 30 dagar.

Søkjaren får alltid eit vedtaksbrev når søknaden er ferdig behandla. Svaret blir som hovedregel sendt til digital postkasse, hvis søkjaren har oppretta slik. Hvis søkjaren ikkje har digital postkasse, blir svaret sendt til oppgitt postadresse. Søkjaren blir også kontakta hvis det går fram av søknaden at naudsynt dokumentasjon er uteglemt.

Klagerett:

Søkjaren kan klage på eit endeleg avslagsvedtak.   Finanstilsynets vedtak kan klagast på innan tre veker etter at vedtaksbrevet er motteke. Klagen sendast til Finanstilsynet. Klageinstansen er Klagenemnda for rekneskapsførar og Finansdepartementet. Søkjaren har rett til å gjere seg kjend med sakas dokument innanfor rammene av forvaltningslova §§ 18 til 19. Klaga må nemne kva for eit vedtak det vert klaga over, kva for endring som ønskast og dei grunnane klaga støttar seg til. Finanstilsynet gjer dei undersøkingane som klaga gjev grunn til, og oversende klaga til klageinstansen dersom avslaget vert oppretthalde, jf. forvaltningslova § 33.

 

Kontaktinformasjon

Send e-post til post@finanstilsynet.no, benytt Altinn-skjemaet KRT-1060 eller kontakt oss på telefon: Regnskapsfører: 22 93 99 92