Digdir logomarkAltinn

Notifikasjon til Finanstilsynet etter avgjerd om utsett offentleggjering (KRT-1801)

Utferdarar skal nytte dette skjemaet ved underretting om ei utsetjing av offentleggjeringa av innsideinformasjon der Finanstilsynet er utpeika som vedkommande styresmakt (jf. Markedsmisbruksforordningen artikkel 17 nr. 4). Bestemmelsen, og bruk av skjema, gjeld tilsvarande for deltakarar på utsleppskvotemarknaden.

Skjemaet er tilgjengeleg for brukarar utan norsk fødselsnummer eller D-nummer (nivå 0). Sjå meir under Kven skal bruke skjemaet.

Når skal skjemaet brukast?

Skjemaet skal sendast til Finanstilsynet umiddelbart etter at utferdaren har offentleggjort innside informasjon der offentliggjering har vore utsett, jf. Markedsmisbruksforordninga § 17 nr. 4.

Kven skal bruke skjemaet?

Skjema skal nyttast av utferdar/ personen som sender notifikasjonen til Finanstilsynet på vegne av utferdar (eller deltakar på utsleppskvotemarknaden).

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/Innsendar. Du kan sjå kva for roller du har for ein aktør på sida Profil, roller og rett.

Om du ikkje har norsk fødselsnummer eller D-nummer kan du logge inn med eigendefinert ID (nivå0).

Dette gjør du ved å velge Logg inn -> Logg inn uten fødselsnummer/D-nummer og lag ny bruker.

Meir om skjemaetRelevant regelverk

Markedsmisbruksforordninga (EU) § 17 nr. 4.  

Treng du hjelp?

 Ved spørsmål om skjemaet, kontakt Finanstilsynet på mar@finanstilsynet.no .