Digdir logomarkAltinn

Konsesjon for å drive bankvirksomhet

For å drive bankverksemd i Noreg krevst konsesjon av norske styresmakter eller tilsvarande konsesjon gitt innanfor EØS-området.

Finanstilsynet - konsesjon banker
Kven skal bruke skjemaet?

Alle som skal etablere bank. Det som kjenneteiknar ein bank er at han har tilgang til å ta imot innskot og andre tilbakebetalingspliktige midlar frå allmenta, og yte kreditt og stille garantiar for eiga rekning og til å yte betalingstenester.

Kva skal eg leggje ved?

Vedtekter og ein driftsplan for dei tre første driftsåret i føretaket skal vedleggjast søknaden. Nærare krav til søknaden kjem fram av finansføretakslova kap 3.

Kvifor skal skjemaet brukast?Meir om skjemaet

Løyve føreset mellom anna at banken blir stifta med eit beløp som i norske kroner svarer til minst 5 millionar euro i samla startkapital. Storleiken på startkapitalen må likevel stå i forhold til den planlagde verksemda.

Nærare krav til innhaldet av ein søknad kjem fram av finansføretakslova kap 3.

Klagetilgang

Søker har klagetilgang etter forvaltningslova § 28