Digdir logomarkAltinn

Uhell i verksemder som handterer farleg stoff

Alle uhell og ulukker i samband med handtering av farlege stoff skal rapporterast. Dersom det er tidkrevjande å avdekkje årsaka til hendinga, kan rapporten vere av førebels karakter. Rapporteringskravet gjeld verksemder –ikkje privatpersonar.

Når skal skjemaet brukast?

Rapporten skal sendast så snart som mogleg etter eit uhell eller ei ulukke i samband med handtering av farlege stoff. Farlege stoff vil seie brannfarlege, reaksjonsfarlege og trykksette stoff.

Kven skal bruke skjemaet?

Verksemder som handterer farlege stoff, skal melde frå ved uhell. Med handtering meiner ein all omgang med farlege stoff, til dømes produksjon, oppbevaring, behandling, omtapping, handel, overføring og bruk. Dersom uhellet skjer under transport, lasting eller lossing, skal det rapporterast som uhell under transport av farleg gods: https://www.altinn.no/skjemaoversikt/direktoratet-for-samfunnssikkerhet-og-beredskap/melding-om-uhell-og-ulykker-ved-transport-av-farlig-gods/

Kvifor skal skjemaet brukast?

Forskrift 8. juni 2009 om brannfarleg, reaksjonsfarleg og trykksett stoff, inkludert utstyr og anlegg som blir nytta ved handteringa §20, stiller krav til rapportering av uhell og ulukker. Hensikta med innrapporteringskravet er å samle informasjon som kan nyttast til å førebyggje framtidige uhell og ulukker med farlege stoff.

Meir om skjemaet

Rapportskjema for uhell i verksemd som kjem inn under  forskrift om håndtering av brannfarlig, reaksjonsfarlig og trykksatt stoff samt utstyr og anlegg som benyttes ved håndteringen.

Spørsmål om skjemaet?

Kontakt Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap dersom du har spørsmål til utfylling av skjemaet: Telefon: 33 41 25 00 / E-mail: postmottak@dsb.no