- Start
- Skjemaoversikt
- Arbeidstilsynet
- Søk om tillating til å arbeide med asbest
Søk om tillating til å arbeide med asbest
Alle verksemder som skal rive, reparere eller vedlikehalde asbesthaldig materiale, må søke om tillating til slikt arbeid frå Arbeidstilsynet.
Alle verksemder som skal rive, reparere eller vedlikehalde asbesthaldig materiale.
Søknaden skal ha opplysningar om
- erfaringa dykkar med arbeid med asbest frå tidlegare
- kva type arbeid de søker tillating til
- kva arbeid de skal gjere
- korleis de vil organisere og leie arbeidet
- opplæring av arbeidstakarane
- helseundersøking av arbeidstakarane
I tillegg må de legge ved instruks for arbeidet og eventuelle utsegn frå verneombod eller representant for dei tilsette, arbeidsmiljøutval og bedriftshelsetenesta.
Les meir om kva søknaden skal innehalde (arbeidstilsynet.no).
I tillegg til å søke om tillating for å arbeide med asbest må de også sende melding til Arbeidstilsynet før kvart asbestoppdrag (arbeidstilsynet.no).
Treng du hjelp?
Arbeidstilsynets svarteneste svarer på spørsmål om utfylling av skjemaet: Kontakt svartenesta Meir informasjon: Arbeidstilsynets nettsider