Digdir logomarkAltinn

Melding om lønna arbeid i heimen (A04)

Denne tenesten er stengt frå 1.oktober 2024.

Skjemaet kan berre brukes til å rette feil i ei a-melding du har levert med dette skjemaet før 1.oktober 2024. 

Denne tenesten er erstattet av en ny teneste på skatteetaten.no.  Du finn den nye forenkla a-meldinga for lønna arbeid i heimen på skatteetaten.no/arbeidiheimen.

Når skal skjemaet brukast?

Skjemaet skal berre brukes til å rette feil i ei a-melding du leverte med dette skjemaet før 1.oktober 2024.

Kven skal bruke skjemaet?

Skjemaet er for privatpersonar som betalar lønn til tilsette som utfører arbeid i bustaden eller fritidseigedomen.

For å bruke skjemaet treng du ei av desse rollene i Altinn:

  • Privatperson – avgrensa retter
  • Utfyllar/innsendar
  • Rekneskapsførar med signeringsrett
  • Rekneskapsførar utan signeringsrett
  • Rekneskapsførar lønn
  • Ansvarleg revisor
  • Revisormedarbeidar

Her ser du meir informasjon og eit oversyn over alle Altinn-rolla


Dersom du er ukjend med rapportering i Altinn, gå til hjelpesidene.

Frist og betaling

Frist

Skjemaet skal sendast inn seinast fyrste yrkedag etter du betaler ut lønn.

Betaling

Betal forskotstrekket til Skatteetaten med eigen KID same dag som du har sendt inn meldinga.

Samanstilling/årsoppgave

Leverer du melding for lønna arbeid i heimen er du friteken frå å levere ein årleg samanstilling/årsoppgave til den ansatte.

Skal du rette feil?
  • Klikk på «Vel» ved den meldinga du vil erstatte
  • Stadfest at du har valt rett melding
  • Fyll inn ei komplett melding med rett informasjon og send inn

MERK: Erstattar du ei melding du har sendt inn, må den nye meldinga vere komplett. Den nye meldinga skriv over all informasjon den meldinga du erstattar.

Skal du annullere ei melding?

Har du oppgitt feil utbetalingsdato eller må slette alle opplysningane du har sendt inn, må du annullere den gamle meldinga.

  • Klikk på «Vel» ved den meldinga du vil annullere
  • Stadfest at du har valt rett melding
  • Fyll inn den same feile utbetalingsdatoen og 0,- for beløp
  • Send inn. Meldinga blir då annullert.
  • Gå til skatteetaten.no/arbeidiheimen for å levere en ny a-melding med riktige opplysninger

Treng du hjelp?

Ta kontakt med Skatteetaten på telefon 800 80 000, tasteval 2-3-1 eller bruk Kontaktskjema.